Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  
Mellom Himmel og Fjord. SJ┼! Kunstlandskap Hardanger.

Ta ein hausttur til kunstløypene.

Mellom Himmel og Fjord. SJÅ! er eit 3-årig prosjekt med kunst i landskapet, i regi av kunstnarorganisasjonen Harding Puls. Fire områder i Hardanger har fått si kunstløyper. 2016 er tredje året og områda får tilført endå fleire flotte verk denne våren.

Sjå nettside: http://www.kunstlandskap.no// 

 www.kunstlandskap.no

ARRANGØR

Harding Puls, kunstnarorganisasjonen for dei profesjonelle kunstnarane knytt til Hardanger, har sidan 2004 stått for fleire enkeltståande temporære kunstprosjekt i landskapet.

I 2014, fekk Harding Puls eit 3-årig tilskot frå Hordaland Fylke. Med hjelp av ekstra lokale og regionale tilskot og ikkje minst kunstnarane sin eigen innsats vart det etablert 4 kunstløyper i Hardanger som får tilført nye kunstverk kvart år av dei 3 åra.

Harding Puls har hyra inn kurator Kjell-Erik Ruud, som inviterer kunstnarar utanfrå. 

IDEEN BAK

Landskapet i Hardanger har vore eit ikon for den nasjonale identiteten for Noreg som vart skapt av kunstnarar etter 1814. Nasjonalromantikarane let set inspirera av det storslagne i landskapet vårt. Dagens kunstnarar går direkte inn i det same landskapet, og på sin måte skaper vår tids identitet.