Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  
Katalogslepp og 10-års-jubileum for Harding Puls         8. november 2003.

Tre kanonsaluttar i sentrum i Norheimsund markerte katalogsleppet og 10-års jubileet for Harding Puls. Reidun Horvei som utropar og Geir Botnen på signaltrompet heldt ei humoristisk regi på hendinga.
Deretter inviterte me publikum inn på Sandven Hotel til kaffi, jubileumskake, musikalske innslag og presentasjon av katalogen Harding Puls 25. Knut Hamre, på hardingfele, spelte folk inn i spisesalen. Reidun Horvei las Frode Grytten sitt stykke BLOND frå katalogen. Geir Botnen på flygel og Rut O. Rasmussen på bratsj gav publikum ein heil liten konsert.

Det var på Sandven hotel den fyrste samlinga om eit eige kunstnarforum i Hardanger vart drøfta i mai 1993.  Stiftingsmøtet vart lagt til Utne Hotel i november, difor var det jubileumsmiddag for medlemmer og gjester på Utne Hotel om kvelden.

Salutt og fanfare for Harding Puls, ute på haldeplassen i Norheimsund