Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  

Inspirasjonsreise i Tyssedal. Samarbeid med Norsk Vasskraft- og industristad Museum 2002

Musikarane Reidun Horvei og Arild B. Nielsen møtte deltakarane ute på Ringedalsdemninga med lokk og lur.
Deretter gjekk turen til Lilletopp. Reidun og Arild overraska med ein flott lyd og akustikk-prøve i ventilhuset.
Inne i fjellet i fordelingsbassenget gav Arild, Reidun og Rut O. Rasmussen ei musikkoppleving som fekk publikum til å halde pusten.
Tyssedal Kraftstasjon var neste stopp. Arild markerte etterklangen i hallen med trompeten sin.

Inn i dei råe røyrkammera viste Anna Stina Næss, porselen, og Åse Berit S. Ulltang, maleri, i sine utradisjonelle utstillingar.

Inspirasjonsreisa avslutta inne i kammeret for fjernvarmeanlegget. Frode Grytten las si forteljing og Reidun avrunda det heile med song.

Reidun Horvei syng i ventilhuset på Lilletopp.