Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  

Harding Puls på Hardanger folkemuseum på Utne i 1999.

Konsertar, utstilling, kunstnarhes og opplegg for skuleklassar.

Hardanger folkemuseum inviterte Harding Puls til ei brei markering av kunstnarane i Hardanger.
Prosjektet vart opna med konsert i Utne kyrkje med mange av musikarane i regionen.
Deretter var det prosesjon bort til Hardanger folkemuseum, med fyrste stopp ute ved Kunstnarhesa, som var eit samarbeidsprosjekt mellom kunstnarane i Harding Puls. Inne i storsalen var hovudutstillinga med eit breitt spekter av kunstuttrykk.
I laupet av perioden fekk mange skuleklassar i Hardanger høve til å møta kunstnarane som hadde eit eige opplegg for elevane.

Harding Puls si kunstnarhes på Hardanger folkemuseum 1999