Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  

HARDING PULS - FJORDALANGS

Kunstseglas 16.10-01.11.95


I samarbeid med Hardanger Fartøyvernsenter og Hardanger folkemuseum markerte Harding Puls den internasjonale kunstveka, som var 23.-29. oktober, med ei seglande utstilling i Hardanger, Sunnhordaland og Bergen.

Hardangerjakta S/J Mathilde med utstillinga ombord tok i mot skuleklassar og held ope for publikum på kvelden. Fleire av kunstnarane deltok med omvising i utstillinga og føredrag.

Desse stadane fekk vitjing av den seglande utstillinga:

Ålvik - Ulvik - Eidfjord - Lofthus - Odda - Rosendal - Etne - Stord/Leirvik - Tysnes/Våge - Bergen - Jondal

Desse kunstnarane deltok:

Solfrid Aksnes - Biletkunst

Tone Aandreaa - Biletkunst

Lars Gunnar Polden - Biletkunst

Ingunn van Etten  - Biletkunst

Aud Bækkelund - Skulptur

Berger Bergesen - Emaljebilete

Anne Ljones (Hesvik) - Dekor på tre

Bjørn B. Pedersen - Keramikk

Torunn Øvsthus - Keramikk

Reidun Breistig - Smykker

I Bergen var det eit eige arrangement på dekket til S/J Mathilde:

Trio i ein fjord, ved Reidun Horvei, Knut Hamre og Geir Botnen held konsert.

I Odda var det ein mini Kunstskule for born ved ingunn van Etten og Reidun Horvei kveda.

I Jondal flytta den nyetablerte kunstskulen for born ombord denne dagen skuta låg til kai der.



 

S/J Mathilde på tokt innover Hardangerfjorden med kunstutstilling.