Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  

GEIRR TVEITT konsert i Gamlebanken i Norheimsund med mezzosopran Kristin Mulders og pianist Torgeir Kinne Solsvik. Laurdag 18. oktober 2008

Dette var eit av bidraga frå Harding Puls til jubileumsåret for Olav H. Hauge og Geirr Tveitt.

Kristin Mulders og Torgeir Kinne Solsvik framførte Geirr Tveitt sin komposisjon"Jonsokspel" med tekst av Hans Henrik Holm.

Torgeir framførte og fleire stykker frå Geirr Tveitt sine "Tolv inventionar" og frå "Femti Hardingtonar". Desse siste musikkstykka vart knytt opp mot kunstverk på utstillinga i same lokale som var inspirert av denne musikken.

Utstillinga opna offisielt etter konserten. 

 

Mezzosopran Kristin Mulders og pianist Torgeir Kinne Solsvik