Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  

Konsert i Den Norske Sjømannskyrkja i  New York, med utstillingsopning i Trygve Lie Gallery, 15. mai 2008.

Harding Puls vart invitert til New York i samaband med Hauge-Tveitt-jubileet 2008. Konserten var med Kristin Mulders, Torgeir Kinne Solsvik og den finske komponisten og pianisten Mika Pohjola. Harding Puls ba Pohjola tonesetje fleire av Hauge sine dikt for Kristin si stemme. Verka vart urframført på konserten. Torgeir og Kristin framførte "Jonsokspel" av Geirr Tveitt med tekst av H.H.Holm. Torgeir spelte og eit utval frå Tveitt sine "Femti Folketonar frao Hardanger"

Same kveld opna utstillinga "Hardanger Artists INSPIRED by Hauge and Tveitt" .Synneva Heradstveit og Jorunn Haugse representerte Harding Puls på opninga. Sjå kunstverka i neste prosjekt.

 

 

 

 

 

 

Mezzosopran Kristin Mulders og pianist og komponist Mika Pohjola.