Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  

 

Hardanger OPEN 22.- 25. april 2010

Opne atelier galleri, konsertar, film- og biletspelvisning i heile Hardanger

I Oslo har dei Oslo OPEN, i Bergen har dei B-OPEN. Grunnidèen for ”OPEN” prosjekta er å opne ateliera til kunstnarane nokre dagar for det allmenne publikummet.

I Hardanger tok kunstnarorganisasjonen Harding Puls tak i konseptet og tilpassa det vår region. Me ”opna opp” Hardanger og viste kva regionen har å by på av kunst, kunstnarar og kunstarenaer. OPEN vert skrive likt både på engelsk og nynorsk og i Hardanger nyttar med sjølvsagt den nynorske uttalen.


Publikum fekk besøkje kunstnarane, både i dei opne ateliera og i galleria i regionen. I Kabuso i Øystese opna Vestlandsutstillinga. Musikarane sto for fleire konsertar kring fjorden. Langs vegen ut til Hardanger Kulturgalleri på Mælen i Herand var det ei spanande løype med landskapskunst.

PROGRAM

 

Hardanger OPEN