Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  

Prosjektet KUNSTEN og BÅTEN på Hardanger Fartøyvernsenter og ombord på S/J Mathilde 2005.

Prosjektet var eit 2-årig samarbeid mellom Harding Puls og Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) og inneheld fleire delprosjekt. Her viser me to av dei.

Fotoutstillinga "AUGA SOM SER" på HFS,  mai - sept.

Fire fotografer fekk i oppdrag å jobbe med tema som var relatert til Hardanger Fartøyvernsenter.

Stig Tronvold frå Odda
Olav Bjørkum frå Norheimsund
Line Olaisen frå Bergen
Øyvind Johnsen frå Bergen - video 
 

Undervisningstoktet "AUGA SOM SER", ombord på S/J Mathilde. okt.- nov.

Deler av fotoutstillinga vart montert i banjeren på S/J Mathilde. Fotograf Tonje Li brukte utstillinga som utgangspunkt for undervisningsopplegget. Alle 6.-7. klassane i Hardanger fekk tilbodet om 1 dag med fotoundervisning m.m. ombord på S/J Mathilde. Dei 4 vekene som var sett av til toktet var fullteikna.

 

 

 

 

 

 

Montering av fotoarbeida til Olav Bjørkum