Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  
Johild Mæland
5778 Utne
tlf 53642222
mobil 45214512


Tenester
Nettside
CV

Biletkunstnar og dekormalar.
Har arbeidd med dekormaling og biletkunst sidan 1979. Mesteparten av dekormalinga er utført på bestilling. Det omfattar m.a. stolar, kister, skap, senger, skåler, dører, trapper, heile rom og utvendig veggdekor Sjølv om eg utfører gamle handverksteknikkar som rosemaling, ådring (treimitasjon) og marmorering (marmorimitasjon) er det viktig for meg å skapa eit eige uttrykk. Dekoren vert alltid komponert spesielt for kvart objekt.


Eldre folkekunst og samtidskunst er begge deler inspirasjonskjelder for meg i arbeid med maleri. Enkelte bilete blir til over tid, der lag på lag med farge flater kryssar kvarandre og spor etter prosessen viser att som minner på overflata. Det er ein meditativ arbeidsprosess der det vekslar mellom plan og tilfeldige innfall. Undermedvit, material, teknikk, sinnstemning og erfaring er viktige arbeidsreiskap. Dei ulike arbeidsteknikkane og objekta eg arbeider med er for meg likeverdige uttrykk.

Eg kan ta på meg oppdrag innan nymåling i dekorteknikkar (rosemåling, ådring, marmorering, skinnrulling, kroting), restaurering eller rekonstruksjon av gamal dekormåling, samt halda kurs og foredrag om gamle dekorteknikkar.