Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  
Arne Bakke Mælen
5628 Herand
tlf 53668127
mobil 92204607


Nettside
CV

Kunsthandverkar.
Arne arbeider i tre. Han er eksperimentell i dreie arbeida sine, i tillegg arbeider han også med relieff og skulpturelle utrykk. På Mælen i Herand har han ny verkstad med tilhøyrande galleridrift i Hardanger Kulturgalleri.


Det aller meste av produksjonen i dreiing vert gjort i rått virke som eit halvferdig produkt. Deretter vert det lagt vekk til turk, for så å gjennomgå den siste dreiinga fram til eit ferdig resultat. Det meste vert laga i norske lauvtreslag, men han nytta også bartre dersom forholda ligg til rette for det, og materialet er spennande. Enkelte av produkta er reine «utsmykkingsgjenstandar», og krev mykje arbeid og tolmod for å få fram den tiltenkte effekten. Det vert gjerne nytta ymse teknikkar med farging og overflatebehandling som er ukjend i tradisjonell dreiing. Dette for å få fram nye element og uttrykk.