Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  
Solfrid Aksnes
Vik°yvegen 408
5600 Norheimsund
tlf 56551594
mobil 47601056


Tenester
Salsgalleri
CV

Biletkunstnar og formgjevar. Solfrid Aksnes uttrykkjer seg i fleire teknikkar. Å jobbe med collage i ulike materiale ligg hjarta hennar nermast. Maleri og grafiske teknikar nyttar ho seg også av. Som formgjevar har ho blant anna hatt oppdrag med utstillingsdesign for museum og teikning av skilt for verksemder som vil ha ein kunstnarisk vri i utforminga.


Solfrid Aksnes seier: ”Naturen og landskapet eg ferdast i gjev meg impulsar. Det same gjer daglege hendingar og relasjonar mellom medmenneska. På ei todimensjonal flate fangar eg inn inntrykka samtidig som eg prøver å fylgje min eigen intuisjon og lar formene og fargane utvikla seg vidare. Som oftast er dette ein lang prosess og bileta treng pausar undervegs. Når avstanden til den opprinnelege impulsen er stor nok, er også fridomen til å fylgje min eigen intuisjon størst.
Å jobbe med collage i ulike materialer gjev næring til å leike og oppdaga nye sider ved biletskapinga som fasinere meg."