Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  
Knut Hamre
5736 Granvin


CV

Musikar. Knut Hamre er ein av våre fremste utøvarar på hardingfele. Sidan 1975 har han delteke på festivalar og konsertar over heile verda. Han har vunne landskappleiken, hardingfele klasse A, seks gonger, og han har blant anna motteke Edvard Grieg prisen og spelemannsprisen. Hamre er medlem av ensemblet «Trio i ein Fjord», som er eit fast samarbeid med pianisten Geir Botnen og kvedaren Reidun Horvei. Han samarbeider med mange andre musikarar også, blant anna Benedicte Maurseth om CD`en ”Rosa i Botnen”, som fekk ein framifrå flott kritikk.

Knut Hamre byggjer på folkemusikktradisjonen og det folkelynnet som er i fjorden. ”Me møter ei personleg farga framføring, ein tekninsk bortimot fullkomen presentasjon av 23 slåttar, med eit breitt spekter av takttypar og felestille. Knut Hamres ” Fargespel” fortener betre karakter enn andre soloinnspelingar med hardingfele som er tilgjengelege” skriv Vidar Lande.