Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  
Reidun Horvei
Gullfjordungsv. 1
5700 Voss
tlf 56511402
mobil 90549531


Songar/kvedar/dirigent/skribent. Formidlar av vokalmusikk der kveding er like sjølvsagt som den klassiske romanse. Eg har i ei årrekkje virka som utøvande songar i ulike sjangrar. Den tekstlege bodskapen i musikken er viktig for meg. Eg er ein scenisk engasjert formidlar og har i mange år turnert med særskilde program for Rikskonsertane. Sidan 1992 har eg vore Fylkeskvedar i Hordaland. ”Trio i ein Fjord” er eit fast ensemble, der eg er utøvar saman med hardingfelespelaren Knut Hamre og pianisten Geir Botnen. I 1998 gav eg ut bok- og cd verket ”Folkesongar i Hordaland”. I tillegg har eg skrive artiklar om folkesong og gove ut fleire cd-ar.

”Å, vera kvedar er reine gleda! Eg vè med stevet her fø deg kveda
ein folkatone frao Udlesvang so djupt i hjarta faor itteklang!”