Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  
Bjørn Brynjolf Pedersen
Homlagarden
5600 Norheimsund
tlf 56551104
mobil 95215060


Tenester
Nettside
CV

Keramikar.
Bjørn etablerte i 1974 verkstaden og galleri på Homlagarden i Norheimsund. Han arbeider som keramikar og skulptør. Bjørn sine arbeid spenner over ein vid skala frå det funksjonelle til det reine skulpturelle uttrykk hovudsakleg i steingodsleire men og i bronse og stein.


”Livet som kunsthandverkar er ein vandrande skaparprosess. Under tilverking av eit arbeid spring ofte ein ny ide fram. Det dannar seg klåre bilete i tankane. Eg grip tak i dei, leitar etter ein heilskapleg ide med konkrete kjensler. Desse bileta og kjenslene gjev ikkje fred før eg skapar dei om til nye verk. Eg tek i bruk fagleg røynsle, handverket, materiale og kler arbeidet med mitt eige formspråk, arbeider med ideen inntil verket gjev meg dei kjensler og assosiasjonar som eg har bore på. Det gjev sosial tilhøyring, arbeidsdagen og livet får meining når eg opplever at arbeida mine kommuniserer med menneska kring meg”.