Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  
Lars Korff Lofthus
Hans Haugesg 42
5033 Bergen
mobil 90175287



Kunstnar.   Biletkunstnar utdanna ved Nordiska Konstskolan, Finland, Kongelige Danske Kunstakademi og Kunsthøgskolen i Bergen, avd. Kunstakademiet, der han gjekk ut i 2009 med ein mastergrad i kunst.


Lars Korff Lofthus produserer primært måleri, men arbeider også med skulptur, tekst og installasjonar. Karakteristisk for arbeida er ei forenkla og absurd tilnærming til etablert meining og populærkultur. Innhaldsmessig opererer Lofthus med motstridande element frå gardsoppvekst og urbanitet, grensa mellom alvor og det meiningslause, romantisert rastløyse og vissa om at det ikkje går bra til slutt.