Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  
Merethe Gauden
Kontakt og bestilling:

"EVENTYRMUSEET"

av og med Merethe Gauden.

Framsyninga er ei reise i Eventyrland og til eventyra sitt eige museum. Der får du sjå personar, dyr og ting som du kan hende kjenner frå før; prinsesser og troll, kattar og froskar, gullballar, bakstetrau, ei ert og mykje mykje meir. Nokre av tinga snakkar me litt om, andre får me fylgja inn i det eventyret dei høyrer heime. 

Eventyrmuseet er ikkje ei vanleg eventyrstund, det er ei framsyning der me repeterer litt av det me veit om våre kjende eventyr. Til slutt vert eit eventyr framført i si heilheit. 

Framsyninga høver for born frå 3 til 90 år, men aller best for dei mellom 4 og 9. Ca 50 minutt. 

”Eventyrmuseet”