Hardingpuls logo aktuelt salsgalleri tenester om oss kunstnarar prosjekt katalog kontakt kalender  
Randi Storaas
Kontakt og bestilling:

 

BILETBØKER OG AUDIOVISUELL PRODUKSJON


Eg tek oppdrag med produksjon av multivisjons-film i filmformatet 16:9 og i panorama, og samarbeider med ulike fotografar, lyddesignerar og andre alt etter prosjekt. Eg tek og oppdrag med utarbeiding av visuelle bøker, og med ideutvikling, prosjektleiing, manus og regi på formidlingsprosjekt.
Multivisjon er store, gode bilete i dansande rørsle, eit spel av bilete. biletspel. Historia kan byggjast av dei beste foto og utvalde ord. Multivisjons-filmen er veleigna til å fortelja ei historie på kort tid, og til å skapa spesielle opplevingar. Den er mindre vanleg enn film og video, og i biletflaumen me dagleg møter, merkjer denne forma seg ut som litt annleis.
Klikkar du på bileta til venstre får du opp informasjon og omtale av nokre av produksjonane mine. For meir info sjå heimesida. www.randistoraas.no

Helleristning frå Ingedal ved Sarpsborg. Frå Langsomt ble landet vårt eget. Laga til Maihaugen 1994, digital 2008.