Me søkjer ny styreleiar

STYRELEIAR — HARDINGPULS (HONORERT VERV)

Hardingpuls er ein frivillig og tverrfagleg kunstnarorganisasjon for profesjonelle kunst- og kulturutøvarar med tilknyting til Hardanger.
Me representerer biletkunst, kunsthandverk, musikk, scenekunst, litteratur, design og kuratering.

Me søkjer ein strategisk og engasjert person som vil vera med på å løfta eit profesjonelt samansett og verdifullt kunstnarfellesskap inn i framtida.

Oppgåvene er ofte prosjektavhengige, varierar gjennom året, og vervet er honorert.

Søknadsfrist: 30. april 2026
Send ein kort søknad til post@hardingpuls.no
Fortel om deg sjølv, kva du kan bidra med, og kva du ser for deg som leiar for Hardingpuls.


Publisert

i

av

Stikkord: