Me søkjer ny styreleiar

STYRELEIAR — HARDINGPULS (HONORERT VERV)


Hardingpuls er ein frivillig og tverrfagleg kunstnarorganisasjon for profesjonelle kunst- og kulturutøvarar med tilknyting til Hardanger.
Me representerer biletkunst, kunsthandverk, musikk, scenekunst, litteratur, design og kuratering.

Me søkjer ein strategisk og engasjert person som vil vera med på å løfta eit profesjonelt samansett og verdifullt kunstnarfellesskap inn i framtida. Oppgåvene er ofte prosjektavhengige, varierar gjennom året, og vervet er honorert.

Vårt føremål
Styrkja det profesjonelle kunstmiljøet i regionen gjennom samarbeid
og fagleg utvikling.
Stimulera til kunstnarleg aktivitet og formidling.
Synleggjera kunst og kultur som ein viktig del av samfunns- og
kulturlivet i Hardanger.
Organisasjonen representerer eit breitt spekter av fagfelt,
inkludert biletkunst, kunsthandverk, musikk, scenekunst, litteratur,
design og kuratering.

Ei unik moglegheit
Vervet som styreleiar i Hardingpuls er ei nøkkelrolle i eit av dei
viktigaste samlingspunkta for profesjonell kunst og kultur i
Hardanger. I tråd med våre nye vedtekter søkjer me no breitt, og
me ønskjer velkomen søkjarar også utanfor vår eigen
medlemsmasse. Du får leia ein organisasjon med høge ambisjonar og
vera med på å setja retninga for Hardingpuls framover.

Tre hovudoppgåver
Styrka organisasjonen: utvikla strategi for aktivitet, stabilitet og
medlemsvekst
Nettverk: vidareføra samarbeid mellom kunstnarar, institusjonar,
kommunar og regionale aktørar, og fokusera på fagleg merksemd og
synleggjering
Sikra berekraft: medverka til finansiering gjennom søknadsarbeid og
utforsking av nye samarbeidsformer.

Kven er du?
Du har kunnskap om og engasjement for kunst og kultur, og du trur
på krafta i fellesskapet. Du har idéar, gjennomføringsevne og ynskje om å gjera ein skilnad saman med oss. Du har gjerne erfaring frå kulturfeltet, organisasjonsarbeid og/eller prosjektleiing. Ein som forstår verdien og vikktigheita av strategisk arbeid og søknadsskriving. Som har evne til å samarbeida, byggja tillit og halda oversyn. Som trivst med initiativ og ansvar, og ynskjer å styrkja strukturen rundt det kunstnarlege mangfaldet i Hardanger. Du treng ikkje kunne alt frå før – men du må ha vilje til å læra, lyfta og lytta.
Me søkjer ein lagbyggjar.

Søknadsfrist: 30. april 2026
Send ein kort søknad til post@hardingpuls.no
Fortel om deg sjølv, kva du kan bidra med, og kva du ser for deg som leiar for Hardingpuls.


Publisert

i

av

Stikkord: