6.juni opnar Galleri Salhus (på Tekstilindustrimuseet) to utstillingar. Den eine er "Ferd" av Aud Bækkelund.
Dette skriv museet:
Bækkelund er utdanna kunstnar, og arbeider ofte med gjenbruksmaterialer, ready mades og andre gjenkjennelege materialer som gjev oss assosiasjonar til kvardagsliv, sansing og minner. I Galleri Salhus viser ho m.a. arbeid utvikla frå materialer etter utskifting av sitt gamle kjøkengolv og inntrykk frå sommarseilasar langs kysten i Skandinavia.
Den andre utstillinga heiter "Ein blir ikkje vane med det" og er verk av Anne Tveit Knutsen.
Utstillingane står frå 6. juni - 5. september.
Sjå meir info HER.