19. mai – 9. september
Harding Puls kunstnarane vart inviterte til å laga utstilling på NVIM for sommarsesongen.
Me brukte deler av kraftstasjonen og 2 røyrkammer. I tillegg disponerte me utstillingsrom og inngangspartiet i museums/administrasjonsbygget.
Ni kunstnarar deltok med foto, maleri, skulpturelle arbeid, rominstallasjonar, videoinstallasjonar, og elektronisk musikk, m.m.
Målet for prosjektet
Kunstverka skulle på ein eller anna måte ha ein relasjon til Tyssedal/Odda. Det var alt frå den visuelle opplevinga av plassen til historia, til samfunnsutvikling, og andre ”linkar” til staden.
Opning med program 19. mai
Liv Eirill Evensen laga eit eige elektronisk musikkstykke til opninga og skodespelar Arnhild Litlerè las dikt.
Ordføraren i Odda, Toralf Mikkelsen, heldt den offisielle opningstalen.
Kunstvandring
Etter opninga vart publikum guida rundt til kunstverka der kvar kunstnar fekk seie noko om sine verk. Det var god interesse for utstillinga og mykje folk tilstades.
Desse kunstnarane deltok:
Ingerid Jordal - foto
Jorunn Haugse - maleri
Johild Mæland - strengarbeid
Solfrid Aksnes - fotocollage
Aud Bækkelund - installasjon
Liv Eirill Evensen - elektronisk musikk
Hildegunn Strømme - maleri
Lars Korff Lofthus - installasjon
Gjest:
Lillian Samdal - video/installasjon