Inger Elisabeth Aarvik

MUSIKAR

KUNSTNARLEG VERKSEMD: Kyrkjemusikar. Kordireksjon, orgel, piano, trøorgel og foredrag.

KYRKJEMUSIKAR
Sidan 1992 har eg arbeidd som kyrkjemusikar i Ullensvang. Hovudfokuset mitt har vore barne- og ungdomskor og folkemusikk. Dei fleste prosjekta eg gjer er samarbeidsprosjekt, der forskjellig type kultur møtast og blandast i samspel. Eg har leia fleire større og mindre prosjekt både i og utanfor kyrkja. Mellom anna har eg sett opp fleire verk der barnekor, ungdomskor, solistar og musikarar jobbar saman


MANGFALD
Eg er oppteken av å samarbeida med folka som er her og visa fram mangfaldet av kulturen som leve i fjorden. Musikk frå mange tider vert spelt og sunge, i musikken lever mange tider samstundes.

IKKJE HEILT GRESK LENGER
Liturgien er pulsslaget i kyrkja. Eg har skrive artiklar og publikasjonar om dette, der fokuset er å læra born liturgien, kva det er og kvar den kjem frå.


​UTDANNING
2003-2005 Vidareutdanning i liturgikk, NTNU
1988-1992 Kyrkjemusikk kandidatstudium, Noregs musikkhøgskule
1988 Musikk mellomfag, Universitetet i Oslo
1987 Kristendom grunnfag, Menighetsfakultetet
1986 Musikk grunnfag, Staffeldtsgt, Oslo



Galleri

Inger Elisabeth Aarvik, Rannveig Djønne og Silje Hveem.
Inger Elisabeth Aarvik, Rannveig Djønne og Silje Hveem.
Inger Elisabeth Aarvik. Foto: Agurtxane Concellon
Inger Elisabeth Aarvik. Foto: Agurtxane Concellon

Kontakt

Inger Elisabeth Aarvik
5781 Lofthus

Tlf: (+47) 992 56 541
ingerelisabethaarvik@gmail.com