I perioden 2014 - 2016 gjennomfører Harding Puls prosjektet
Mellom himmel og fjord. SJÅ! – Kunstlandskap Hardanger, på Bu, Utne, Herand og Norheimsund.
Kunstverka i prosjektet har og hadde ei avgrensa levetid og det var viktig med ein dokumentasjon slik at verka er tilgjengeleg for ettertida.
Med so flotte kunstverk som vart skapt var det naturleg at dokumentasjonen måtte verta ei KUNSTBOK med store flotte foto og fagleg omtale av prosjektet.
Boka synleggjer og ein del av mangfaldet av kunstytringar kring i landet vårt .
Boka dokumenterer, med heilsides oppslag, alle dei 55 kunstverka som vart skapt i perioden av 44 kunstnarar.
Forlaget SKALD saman med Harding Puls har stått for utgjevinga.
Fotografen Oddleiv Apneseth dokumenterer kunstverka i dei 3 prosjektår
Redaksjon har vore Solfrid Aksnes og Aud Bækkelund.
Designar: Simone Hooymans.
Grafisk konsulent: Øystein Vidnes.
Fagleg omtale av kunsthistorikar Synnøve Marie Vik.
Tekst av journalist Mette Bleken.