3b_STREIF_LarsKorffLofthus

2005 - STREIF mellom Reiseter og Nå. Harding Puls med kunstinstallasjonar langs løypa.

Ullensvang herad, 22. april.
Landbruksdepartementet og Fylkesmannen si opning av hundreårsmarkering for Noreg.

 
Fylkesmannen i Hordaland inviterte Harding Puls med i planlegginga og som aktørar i deira 100-års-markeringa for Noreg. Arrangementet med start på Reiseter, var opningsarrangementet for eit landsomfemnande STREIF - ei vandring i kulturlandskapet.  Dronning Sonja kasta glans over opningsdagen. Markeringa vart avslutta med ein stor festkveld på Lofthus.
 
Landskapskunsten langs Streifløypa:
Svein Nå, Aud Bækkelund, Arne B. Mælen, Åse Berit Skeie Ulltang, Lars Korff Lofthus, og Johild Mæland deltok med kvart sitt arbeid.
 
Svein Nå sette fokus på sjølve landskapet. Han tok utgangspunkt i element i kulturlandskapet. I eit stort og eit lite felt i to frukthage vart stokkane som trea er festa til, malt raude.
Aud Bækkelund let seg inspirere av gjengroing og laga eit skjelett av eit hus og gav det ei kledning av kvist frå frukttrea.
Arne B. Mælen skapte ei selja om til ein eigen skulptur med eple.
Åse Berit Skeie Ulltang aktiviserte publikum i sitt fotopunkt-prosjekt. Åtte fotopunkt langs løypa var utstyrte med eit eingongskamera og publikum vart oppmoda å ta eit bilete. Ho ville få publikum til å velja utsnitt frå landskapet rundt dei.
Lars Korff Lofthus sette venger på ein heilt ny traktor. Det gav mange assosiasjonar og funderingar på bonden sin eksistens og arbeid i dei bratte bakkane i Hardanger.
Johild Mæland plasserte ein kvit boks ute i landskapet på Reisæter. Inni kunne publikum oppleve eit samanhengane dekormaleri langs veggar og tak.
 
Dronning Sonja tok seg tid til ein prat med kvar av kunstnarane nedover løypa.
 
Ingunn van Etten fekk på førehand i oppdrag å gjennomføre eit spesielt opplegg for tre skuleklassar i Sørfjorden på temaet for 100-årsmarkeringa. Resultatet vart stilt ut på Agatunet til arrangementet den 22. april og sto utover sumaren. Utstillinga vart uformelt opna av Dronning Sonja.
 
Norheimsund vidaregåandeskule, lina for formgjeving, hadde jobba med temaet landskap og identitet. Resultata sette dei opp på Reiseter under arrangementet.
 
Agatunet presenterte 4 kunstnarar frå Harding Puls i si kunstutsilling med Tone Aanderaa, Synneva Heradstveit, Torunn Øvsthus og Ingunn van Etten.
Dronning Sonja fekk her helse på utstillarane og Svein Nå overrekte Harding Puls-katalogen.
 
Dronninglunsj i Agatunet.
Styreleiar Solfrid Aksnes representerte Harding Puls under lunsjen.

Festkonserten på Lofthus om kvelden.
”Trio i ein Fjord” med Reidun Horvei, song, Geir Botnen, flygel og Knut Hamre, hardingfele, var viktige deltakarar i dette fest-arrangementet.