Granvin, 20.mars
Etter ei god varm suppe på Jaunsen Gjestgjevarstad starta Harding Puls Tinget med eit ”kunststunt” på Granvin Bruk. Nokon tok tak i flis og laga ulike formasjonar på asfalten. Ei skapte assosiasjonar til brodert tekst med flisbetar. Andre fatta interesse for søledammar og for materialkapp. Musikarane prøvde ut lyd på tomme oljefat og metallband.
Det viste seg i ettertid å vera ei nyttig hending for kunstnarane sjølve og for marknadsføringa av Harding Puls. Fotodokumentasjonen har fanga interesse og vart brukt i Fylkesmannen si prosjektskisse for 100-års-markeringa som eksempel på kva dagens kunstnarane kan bidra med.
Desse deltok på kunst-stuntet:
Svein Nå, Torunn Øvsthus, Åse Berit S. Ulltang, Hildegunn Strømme, Aud Bækkelund, Ragnhild Margretha Taranger, Solfrid Aksnes, Geir Botnen og Reidun Horvei.