Eg arbeider med tre i ulike samanhengar og er opptatt av enkle linjer og former og ynskjer å formidla uttrykk basert på godt handverk, gjerne med drypp og tankar frå små og litt større hendingar i livet. Eg arbeider i rått, så vel som i tørt i treverk. Prosessen fram til ferdig verk går ofte gjennom fleire operasjonar - og over lengre tid.