1_fotoundervisning-TonjeLi

2005 - KUNSTEN og BÅTEN. Fotoundervisninga "Auga som ser" for skuleelevar ombord på hardangerjakta S/J Mathilde.

10. oktober – 4. november
Eit samarbeid mellom Harding Puls og Hardanger fartøyvernsenter.

 
Fototilbod for 6.-7. klassane i heile Hardanger. Fullteikna alle fire vekene.
Lærer i foto: fotograf Tonje Li.
Utstyr: 6 digitale kamera, prosjektor og ei berbar datamaskin.
 
Undervisningsopplegget Auga som ser var eit fotoprosjekt for skuleelevar. Arena og ramma for prosjektet var hardangerjakta S/J Mathilde. Å leggje fotoundervisninga ombord i ein båt var i denne samanheng naturleg sidan undervisningsopplegget Auga som ser er ein del av prosjektet Kunsten og båten som har fokuset nettopp på kunst og båt. På den måten kunne me kombinere kunnskap om fotografering med kunnskap om båt.
 
Kvar skule fekk med seg bileta som elevane tok som vart lagra på ein cd. Dei kunne soleis laga ei utstilling på skulen om dei ynskjer det eller bruka dei på ein annan måte.