Arnhild Litlerè

SKODESPELAR

KUNSTNARLEG VERKSEMD: Frilance skodespelar.

Arnhild Litlerè har hatt oppdrag på dei fleste teaterscenane i Norge og i NRK. I dei siste åra har ho vore med i fleire tv-seriar mellom anna i den populære nrk-serien “Side om Side” (2013-2017) og i TV2-serien «Roeng Kommune» 2018. Ho lagar også eigne framsyningar med poesiprogram saman med ulike musikarar. Ikkje minst har ho arbeida mykje med Jon Fosse og Olav H. Hauge sine tekstar.
 
Hennar repertoar som skodespelar spenner vidt med sentrale rollar ho har hatt  i stykke som strekkjer seg frå Sofokles «Antigone», «Tre søstre» av Tsjekov, Anne Franks dagbok og Bikubesong  av Frode Grytten samt Barne-tv og revy.
Ho har og publisert dikt og noveller på Cappelens forlag.


Ho var med å starta Jon Fosse dagane i Strandebarm i 2009, og sit i styret for Jon Fosse stiftinga.
Sidan 2008 har ho og drive ei poesigruppe innan psykisk helse i Oslo.


UTDANNING
1993 -              Oslo Film og TV akademi 1 år, dramaturgi-manusskriving-regi, instruksjon og      
                         innføring i kamera, lys, lyd, redigering
1982-1985        Statens Teaterhøyskole i Oslo

Fleire kurs hos teaterkritikaren og dramaturgen Jane Rasch i manusutvikling, struktur, dramaturgi, analyse.
Kurs hjå Marketa Kimbrel  i ”method acting.”               '
Kurs i manus-skriving ved Robert Mckee.      
 

Galleri

Arnhild Litlere. Foto: privat

Oppdrag

Arnhild Litlerè tar imot oppdrag
når det gjeld poesiprogram og forelesing
rundt forfattarane Jon Fosse og Olav H Hauge.

Kontakt

Arnhild Litlerè
5630 Strandebarm

(+47) 928 17 975
​arnlit@hotmail.com