Nina Bang Larsen

BILETKUNSTNAR

KUNSTNARLEG VERKSEMD: Stadspesifikke kunstinstallasjonar.

Nina Bang Larsen arbeider hovudsakleg med stadspesifikke installasjonar sett saman av skulptur, måleri, video og foto. Materiala ho ofte tek i bruk er tekstil, brukte møblar og kvardagslege ting. I atelieret arbeider Bang Larsen i eit kaos av oppsamla materiale, tankar og idear. Ho let seg styra av slump og innfall, og det oppstår surrealistiske historier ho ikkje kjenner særleg kontroll over. Fram mot ei utstilling tek ho med seg eit utval, og held prosjektet ope slik at ho også er fri til å arbeida med det som dukkar opp under monteringa. Målet er å få til ein forførande komposisjon i utstillingsrommet som lokkar tilskodarar inn i den fargerike og absurde verda hennar.


UTDANNING   
Vår 2016     Tekstilkultur 1, etterutdanningskurs, Vestnorsk Kulturakademi
2008-2010  MA, Kunst- og designhøgskolen i Bergen, Avd. Kunstakademiet
2005-2008  BA, Kunst- og designhøgskolen i Bergen, Avd. Kunstakademiet
Haust 2007 Utveksling, Kunsthochschule Berlin-Weissensee
2003-2005  Kunstskolen i Bergen
Vår 2003     Filosofisk Estetikk, Universitetet i Bergen
2002           Kunsthistorie, grunnfag, Universitetet i Bergen
 

Galleri

Nina Bang Larsen. Foto: Agurtxane Concellon

Oppdrag og sal

Nina Bang Larsen tar gjerne på seg
utsmykningsoppdrag og ho kan stille
ut både sperat og i gruppeutstilling.

Kontakt

Nina Bang Larsen
Fløenbakken 41 D,
5009 Bergen

Tlf:   476 30 767
nina.bang.larsen@gmail.com
 www.ninabanglarsen.no