literature-house

2008 - HT08. Harding Puls til Sør-Korea med utstillinga "Hardanger Artists INSPIRED by Olav H. Hauge and Geirr Tveitt"

Opning i Seoul Literature House 27. oktober.

Den Norske Ambassadøren i Korea inviterte Harding Puls til å vidaresende utstillinga vår som sto i Trygve Lie Gallery i New York på våren/sommaren 2008. Bakgrunnen var eit samarbeid mellom Ambassaden og Hauge-Tveitt jubileet AS, om oversetjing av Olav H. Hauge sine dikt til koreansk. Utstillinga vår opna samtidig med lanseringa av poesiboka. Ingunn van Etten var i Seoul og representerte Harding Puls

Poesiboka vart illustrert med kunstverk frå utstillinga. Synneva Heradstveit sin akvarell pryda omslaget og 4 sider inne i boka er illustrert med Svein Nå sine tekstilarbeid.

Kunstnarar på utstillinga:
Aud Bækkelund
Ingunn van Etten
Synneva Heradstveit
Jorunn Hanto-Haugse
Audun Storaas
Åse-Berit  S. Ulltang
Svein Nå
Liv Eirill Evensen.

Utstillingskatalogen vår vart oversett til koreansk. 
Utstillinga sto til 30. desember 2008.