KUNSTNARLEG VERKSEMD: Piano, komposisjon og arrangering
Inger-Kristine Riber har med sitt engasjement og tekniske meistring av klaveret fått stor merksemd internasjonalt. I 2012 vart ho tildelt ei utmerking av Norges Forskningsråd og det tyske oljeselskapet RWE-DEAD for å sikra vidare internasjonal profesjonalisering. Dette leia fram til ei rekkje oppdrag som solist og kammermusikar. Repertoaret hennar strekkjer seg frå barokk til samtidsmusikk, og kontinuerleg utforskar ho nye verk og ulike konsertformer. Riber har også markert seg som komponist og kulturell entreprenør, og har leia fleire prosjekt både på nasjonal og internasjonal arena.
«Musikalsk samhandling og utveksling av felles musisk energi inspirerer meg, og eg har eit stort hjarta for å skapa nye møter for klassisk musikk i vidaste forstand.»
UTDANNING
2012 - Master of Arts, Master i Solo Utøving. Norges Musikkhøgskole -Oslo
2010 - Bachelor of Arts, Kandidatstudiet i klassisk piano. Norges Musikkhøgskole -Oslo
2007 - Kunstlerische Ausbildung, Klassisk piano.
Hochschule für Musik, Theater und Medien - Hannover, Tyskland
2004 - Bachelor of Arts, Musikkvitenskap. Universitetet i Oslo