Åse Vikse

BILETKUNSTNAR

KUNSTNARLEG VERKSEMD: Grafikk

Åse Vikse er ein tverrfagleg grafikar med kunstutdanning frå Storbritannia. I grafikken går ho stadig i djupna på temaet ‘avtrykk’ og stiller spørsmål om korleis ein gjenstand sitt avtrykk ser ut. Gjennom ein fascinasjon for kunstnar Magne Vangsnes sitt konsept ‘skulpturell grafikk’ utforskar ho ofte tredimensjonalitet i trykk og tar utgangspunkt i møtet mellom funne gjenstandar og materiale som kan omfamna desse.
I sitt arbeid med papirbasert grafikk nyttar Vikse både tradisjonelle teknikkar som tresnitt, og meir samtidsretta Monotrykk. Sistnemnde tar ofte form som kunstnarkart, i ein prosess kor den vandrande kunstnaren og verket absorberar og dokumenterar landskapet ilag. Vikse er interessert i begrepet stadkjensle, å formidla dei stille historiane, og å bearbeida det allereie eksisterande element. Hennar fokus er å arbeida og utvikla kunst på mest mogleg bærekraftig vis.

Sidan våren 2023 har Vikse sin kunstnarpraksis i stor grad vore inspirert og influert av kunstnaren Anna-Eva Bergman som på morssida stamma frå Hardanger. Dette kjem til syne i alt frå kunstnarkart og monotypi, til studiereiser med fokus Bergman.

UTDANNING
2021 – 2022 MA Fine Art (Printmaking), Middlesex University, London, UK
2017 – 2020 BA (Hons) Communication Design (Illustration), Gray’s School of Art, Aberdeen, UK
2004 – 2006 Grafisk Design, Høyskolen Kristiania, Bergen, NO



 

Galleri

Åse Vikse

Oppdrag

UTSTILLINGAR

Åse Vikse tar i mot invitasjon
til både separat- og gruppeutstillingar.
 

Kontakt

Åse Vikse
Gartveitvegen 48
5610 Øystese

aasevikse@yahoo.no

www.asevikse.com