KUNSTNARLEG VERKSEMD: Regi, manus, prosjektledelse, og foto.
Eg leitar etter det vakre og unike i vanlege liv. Film er for meg følelsar og historieforteljing, eg ser på meg sjølv som ein personleg og engasjert filmskapar. Eit gjennomgangstema er sterke og sårbare karakterar med mykje mot og vilje. Dei viktigaste filmane mine ”Kampen om fjordane” og ”Olav H. Hauge Den andre mannen” tar utgangspunkt i heimbygda Ulvik.
Eg har og laga mange filmar for barn/ ungdom, bla kortfilmen ”Stikk”, og er mentor / regissør saman med unge filmskodespelarar og andre filmtalent, i Filmworkshopen Røst.
Etter over tretti år vekke: Bergen, København, Lillehammer og Stavanger har eg flytta heim. Naturen inspirerar og fasinerar meg, både som menneske og som filmskapar.
Daglig leiar i Hardingfilm AS, etablert 2013
UTDANNING
Eave - producers workshop (deltok som regissør) (2005 – 2007)
Norsk filmutvikling div. kurs manus, regi, dokumentar (1988 – 2005)Oppland Distriktshøgskole Lillehammer. Fjernsynsregi (1988-1990)
Københavns Universitet Filmvidenskab (1984 – 1986)
Universitetet i Bergen Kunsthistorie (mellomfag), Sosiologi (grunnfag) og Administrasjon og Organisasjonsvitenskap (grunnfag) (1980 – 1984)