Installasjon av Else Karin Tysse Bysheim

2019 – ODDArT 2019, ein kunstfestival i Odda.

ODDArT 2019 fann stad iSentralbadet Litteraturhus, Lindehuset, Iris kafé, Odda bibliotek og øvst i Gågata i Odda.

Tema var INSPIRERT av fotografen og pioneren Knud Knudsen.
Kunstnarane fekk i oppgåve i å gjera eit djupdykk i fotoarbeida til KNUD KNUDSEN frå 1800-talet.
Kunstnarane sto fritt i korleis dei tilnærmar seg tema: INSPIRERT av KNUDSEN og korleis dei eventuelt ville relatere det til samtida vår.  Det vart ei god og variert utstilling ved sida av fotoutstillinga I møte med naturen av Knud Knudsen sine foto.

Desse kunstnarane deltok:
Else Karin Tysse Bysheim, installasjon
Felicitas Aga, maleri
Ingunn van Etten, maleri
Judith de Haan, grafikk, tresnitt 
Solfrid Aksnes, fotocollage
Lars Korff Lofthus, maleri
Anne Hesvik, dekor-maleri
Marie Skeie, installasjon/objekt 
Åse Berit Skeie Ulltang, tusj-arbeid
Silje Solvi, foto

GUIDA KUNSTRUNDAR.
Torild Gjesvik som er kunsthistorikar, høgskolelektor, og kunstformidlar, og Knudsen-kjennar tok publikum med seg på interessante kunstrundar i begge utstillingane.
Ho har gitt ut boka Knud Knudsen. veien, reisen, landskapet i haust (2018).

LUNSJ-KONSERTAR på biblioteket.
Musikarane var:
Torsdag:  Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim
Fredag: Laura og Arpad Buta. (Profesjonelle musikarar som har busett seg i Odda)
Laurdag: Ragnhild Opedal Tveit, Anette Torvund og Torbjørn Dagestad

KONSERTAR i Sentralbadet Litteraturhus.
Torsdag: Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim
Laurdag: Roar Engelberg og Torgeir Kinne Solsvik

FOTOVERKSTAD
Ingerid Jordal og Ådne Dyrnesli held fotokurs på laurdagen. Tre stykke deltok og fekk god oppfylging.

WORKSHOP for INVANDRARAR i Odda.
Den kurdiske kunstnaren Kwestan Jamal Bawan inviterte til: Del historia bak ditt bilde. Ho oppfordra innvandrarar og andre om å ta med seg eit foto og fortelje dei andre kring bordet si historie. 

PRØV DEG SOM GATEKUNSTNAR øvst i Gågata
for born og vaksne. Me spente opp to store lerret mellom trea.

DRINKING & DRAWING
for vaksne.Det vart gjennomført to teiknekurs med modell.