85

2005 - FJORD-BORN. Utstilling, konsert, føredrag og tilbod til born hjå Flaten Art Museum ved St. Olaf College.

Northfield, 15. sep. –  23. okt.
 
Etter visninga på Nordic Heritage Museum vart utstillinga sendt til Northfield i Minnesota.
 
Representantar for Harding Puls på opninga i Northfield
Biletkunstnar Ingunn van Etten var til stades på opninga og representerte kunstnarane på utstillinga.
Pianisten Geir Botnen og operasongar Arild Helleland held ein konsert.
 
Foredrag for studentar i Minneapolis
Ingunn van Etten var invitert til å halde eit foredrag om sitt eige arbeid for vaksne kunsthistoriestudentar
på Universitetet St. Thomas i Minneapolis.
 
Tilbod for born onsdag 14.sep.
Dagen før opninga av utstillinga hadde Ingunn eit opplegg for born tilsvarande det i Seattle.
 
Foredrag om Harding Puls torsdag 15. sep. 
Ingunn held og eit eige foredrag om Harding Puls og om kunstnarane som var med på utstillinga,
samt litt om Hardanger og naturen her.
 
Opning av utstillinga torsdag 15. sep.
Direktøren for museet ,Jill Ewald, sa nokre ord om Harding Puls.
 
Konsert torsdag 15. sep.
Etter utstillingsopninga var det konsert med Geir Botnen og Arild Helleland i ei kyrkje på området.