Rannveig Djønne

Musikar

KUNSTNARLEG VERKSEMD: Toradar. Folkemusikk.

Rannveig Djønne vert omtala som ein nyskapande toradarspelar med eit solid fotfeste i tradisjonsmusikken frå Hardanger og Voss. Debututgjevinga, Spelferd heim i 2008 hausta strålande meldingar. I 2011 komponerte Djønne ei folkemusikkmesse for Hardanger på oppdrag frå Ullensvang kyrkje som vert mykje nytta i dag. Same året fekk ho Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend innan kategorien “lyd”. Særleg hennar evne som komponist vart framheva i grunngjevinga.


Djønne har samarbeida med Annlaug Børsheim dei siste 10 åra, og dei gav i 2012 ut Toras Dans – Populærmusikk frå Hardanger og Voss. Djønne&Børsheim har dei siste åra turnert over store delar av Noreg, samt Tyskland, Italia, Skottland og Austerrike, samt spelt hundrevis av skulekonsertar..

UTDANNING
2006-2008 Ole Bull Akademiet. Spelemanns- og kvedarskulen.

Galleri

Rannveig Djønne. Foto: Agurtxane Concellon

Oppdrag


 

Kontakt

Rannveig Djønne
Tjoflotvegen 649
5734 Vallavik

tlf: (+47) 472 91 012

post@djonno.no
www.djonno.no