1-ReidunHorvei_Lilletopp-Tyssedal

2002 - INSPIRASJONSREISE i Tyssedal

Tyssedal 13. – 14. april

Ei inspirasjonsreise i samarbeid med Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Turen starta på museet med Biletspelet ”Industrieventyret” av Randi Storaas. Terje Kolbotn frå museet var guide og tok oss med til Ringedalsdemninga. Musikarane Reidun Horvei og Arild B. Nielsen møtte oss ute på demninga med lokk og lur.
 
Turen gjekk vidare til Lilletopp. Reidun og Arild overraska med ein flott lyd og akustikk-prøve i ventilhuset.
 
Etter lunsj pakken og ei fantastisk utsikt, vart det delt ut faklar og hjelm. Me vandra inn i fjellet til fordelingsbassenget. Arild, Reidun og Rut O. Rasmussen gav her ei musikkoppleving  som fekk oss til å  halde pusten.
Tyssedal Kraftstasjon var neste stopp. Arild markerte etterklangen i hallen med trompeten sin.
 
Terje guida oss gjennom kraftstasjonen og inn i dei råe røyrkammera. Anna Stina Næss, porselen, og Åse Berit S. Ulltang, maleri, viste med kvar si utradisjonelle utstilling korleis desse romma kan takast i bruk. Nok ei overrasking for både Harding Puls medlemmer og dei inviterte gjestene. 
 
Inspirasjonsreisa vart avslutta inne i kammeret for det nye fjernvarme-anlegget. Frode Grytten las si forteljing og Reidun avrunda det heile med song.