KUNSTNARLEG VERKSEMD: Songar - sopran.
Ranveig Helen Lægreid er utdanna klassisk songar, men trivst også godt med å syngja viser og folketonar. Dei siste åra har ho tonesett dikt av Olav H. Hauge og Jon Fosse. Ho har brei erfaring som solist og ensemblesongar.
Gjennom arbeid i Tyskland og Danmark er ho vorte ein av dei mest erfarne profesjonelle ensemblesongarane i Noreg. I 2016 vart ho tilsett i Trondheim Vokalensemble. Det fører til konsertar i m.a. Nidaros Domkirke og med Trondheim Symfoniorkester.
Lægreid sin styrke som songar er at ho er allsidig, fleksibel og har evna til å sjonglera mellom ulike sjangrar og oppsett. Ho kvedar åleine, og syng viser med gitar i Duoen Tvisynt. Når det kjem til ensemble syng ho like gjerne kammermusikk og tidlegmusikk, med få songarar/musikarar, til store oppsettingar med fullt kor og orkester.
LINK - Danse mi vise -gråte min sang
LINK - REJOICE from Messiah by Haendel
LINK - Edvard Grieg - Zur Rosenzeit
UTDANNING
2010-2012 Master i song ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium, København
2008 Kunsthistorie, frå antikken til og med barokken, Universitetet i Bergen
2007-2008 Barokkensemble ved Griegakademiet
2006-2007 Praktisk-pedagogisk utdanning ved Griegakademiet
2002-2006 Bachelorgrad i song ved Griegakademiet
2005 haust Utvekslingsstudent til Åbo yrkeshögskola, Finland
2001-2002 Toneheim folkehøgskole
Meisterklassar / Masterclasses
Rudolf Jansen, Bo Skovhus, Josef Protschka, Helmuth Deutsch, Elena Obraztsova,Barry Banks,
Sibylla Rubens, Bud Beyer, Anne Margrethe Dahl, Susanna Eken, Howard Crook,
Helene Ziebarth, Barbro Marklund