Trygve Lie Gallery i Den Norske Sjømannskyrkja 15. mai - 7. september 2008
Songaren og mezzosopran Kristin Mulders hadde gode kontaktar i Sjømannskyrkja i New York og ho føreslo for dei at Harding Puls kunne ha ei utstilling og konsert hjå dei.
Hauge-Tveitt jubileet AS vart også interessert og støtta oss.
Harding Puls sendte to av kunstnarane til New York for å montera utstillinga og å representera Harding Puls under opninga. Det var Synneva Heradstveit og Jorunn Hanto-Haugse.
I tillegg reiste Svein Nå og deltok på opninga.
Konsertar
Kristin Mulders,
mezzosopran og Torgeir Kinne Solsvik,
pianist held konsert med komposisjonar av Geirr Tveitt, mellom anna stykket ”Jonsokspel”.
Saman med den finsk/amerikanske komponisten Mika Pohjola framførte Kristin Mulders tekstar av Olav H. Hauge, tonesett av Pohjola. Dette var eit bestillingsverk frå Kristin og Harding Puls.
Torgeir Kinne Solsvik held også pianokonsert under 17. mai feiringa i kyrkja.
Pianisten Geir Botnen og operasongaren Arild Helleland reiste til New York og held ein avslutningskonsert for Harding Puls si markering av Hauge-Tveitt jubileet i Sjømannskyrkja.
Kunstnarar på utstillinga:
Aud Bækkelund
Ingunn van Etten
Synneva Heradstveit
Jorunn Hanto-Haugse
Audun Storaas
Åse-Berit S. Ulltang
Svein Nå
Liv Eirill Evensen.
Katalog
Det vart laga felles utstillingskatalog til utstillinga i New York og til vandreutstillinga i Hardanger.