Fjord Pianorama er Harding Puls sit storprosjekt som strekte seg over halvanna år i 2021 og 2022. Startskotet gjekk 1. mars 2021 då vi plasserte ut eit gamalt piano attmed riksveg 7 i Eidfjord sentrum. I eit heilt år stod pianoet der og vart utsett for ver, vind og hærverk. Undervegs jobba vi med dokumentasjon i form av foto og video, og det var gjort opptak av pianoet som skulle bli ein del av tingingsverkt Arvesylv. Sjølve pianoet vart fjerna i mars 2022, og restane etter det vart brukte til å laga nye kunstinstallasjonar.
Våren 2022 samla Harding Puls inn åtte gamle piano som vart gjeve vekk på finn.no og frakta dei til Eidfjord. Kunstnarar fekk i oppdrag å smykka ut dei tidlegare praktmøblene, nokre saman med born på kulturskulen.
24-25. juni gjekk minifestivalen Fjord Pianorama føre seg over to dagar i Eidfjord. Her vart dei utsmykka pianoa stilt ut i Galleri Bergslien, og det vart arrangert ei rekkje konsertar på same stad. Tingingsverket var framført her fredag kveld, og heile laudag var det konsertar og arrangement i og kring galleriet, mellom anna eventyrstund og teikneverkstad for born. To av pianoa stod utandørs i drivhus og var til fri bruk for publikum. Eit drivhus stod utanfor galleri Bergslien og eit stod utanfor Eidfjord Fjell og Fjord Hotel.
Det var fullt i galleriet på dei fleste konertane, nokre gonger vart folk ståande ute i gangen. Mange besøkande hadde gled av både utstillingar, arrangement og konsertar.
Både utstillinga i Galleri Bergslien og dei utandørs pianoa stod til 21. august 2022.
Kunstnarar som deltok:
Aud Bækkelund -utsmykka piano
Linda Lid -utsmykka piano
Johild Mæland -utsmykka piano
Anne Hesvik -utsmykka piano
Guro Øverbye -utsmykka piano
Judith Elisabeth De Haan -utsmykka piano
Åse Berit Skeie Ulltang -utsmykka piano
Else Karin Tysse Bysheim -utsmykka piano
Wenche Kvalstad Eckhoff - installasjon ute
Ingerid Jordal - video
Inger Kristine Riber & Ragnhild T Haugland - tingingsverk
Johild Mæland - samarbeid med born
Kwestan Jamal Bawan - samarbeid med born
Reidun Horve i- song
Dag Arnesen - piano
Knut Hamre - hardingfele
Arnhild Litlere - opplesing
Arild B. Nielsen - horn
Rannveig Djønne - toradar
Annlaug Børsheim- song og hardingfele
Merethe Gauden - eventyrforteljing
Annabl Guaita - lyttelos-foredrag
Fjord Pianorama vart støtta av:
Eidfjord kommune, Norsk Kulturråd, Vestland fylke, Hardanger Kulturfond, Sparebanken Vest
Fjord Pianorama er inspirert av kunstnaren Luke Jerram sitt konsept Play Me, I´m Yours Street Piano artwork: www.streetpianos.com