KUNSTNARLEG VERKSEMD: Hardingfele, fele og hardanger d’amore. Gitarar. Song. Komposisjon og tekst.
Folkemusikken står som ein stødig grunnmur i alt eg gjer. Det er der eg har mine røter, det var der det starta og det er den som bind det heile saman. Om eg står på scena med Frode Grytten Beat Band eller spelar på instrument laga av avfallsplast i konsertførestillinga SUSTAIN eller lagar musikk for born i trioen Morgonfrosken. Det er alltid folkemusikken eg kjem tilbake til, det er ei utømmeleg kjelde av inspirasjon.
UTDANNING
2006 Januar Den Kungliga Musikkhøgskolan, Stockholm (utveksling)
2004 - 06 Tradisjonsmusikk 1 ved spelemanns og kvedarskulen,
Ole Bull Akademiet, Universitetet i Bergen (UiB)
2000 - 04 Folkemusikk 1 og 2, ved Høgskulen i Telemark