24. november 2007 – 2. januar 2008
Ål Kunstforeining inviterte kunstnarane i Harding Puls til deira juleutstilling i Galleri Syningen i Ål kulturhus.
11 kunstnarar deltok. Anne Hesvik representerte kunstnarane på opninga og fortalde om forumet Harding Puls.
Galleriet hadde bokmesse samtidig med opninga og det var mykje folk tilstades.
Desse kunstnarane deltok:
Bjørn Br. Pedersen - keramikk
Solfrid Aksnes - fotocollage
Silje Forthun Solvi - skinnkragar
Aud Bækkelund - objekt
Anne Hesvik Kartveit - dekor på tre
Johild Mæland - maleri
Åse Berit Skeie Ulltang - maleri
Lars Gunnar Polden - pastell
Ingunn van Etten - maleri
Torunn Øvsthus - keramikk
Reidun Breistig - smykke