3_PULSvindAUGE_ArneBMaelen

2003 - PULS-vind-AUGO, kunst i butikk.

Norheimsund, 20. juni – 4. august

I dette prosjektet stilte 17 butikkar og verksemder i alt 22 vindauge til disposisjon i Norheimsund sentrum. Dei 20 deltakarane frå Harding Puls fekk ansvar for å lage kvar sine utstillingar.
 
Vindaugo vart markerte med eit banner med Harding Puls sin logo for å vise ein tydeleg samanheng mellom dei ulike utstillingane. Me laga også eit kart som viste til kva butikkvindauge den enkelte kunstnar var å finna. Dette låg ute på butikkane, på Essostasjonen og på turistkontoret.
                                                                                                                                                                              
Prosjektet vart omtala i festivalavisa til Hardingtonar.                             
Norheimsund Næringslag sto for annonsering i lokalavisa                      
og i Bergens Tidende.