Åe Berit skeie Ulltang syner collage av hanji på lerret på Ryvarden kulturfyr 6. mars – 24. april 2022.
Les meir og sjå opningstider på nettsidene
HER.
Om utstillinga:
Åse Berit Skeie Ulltang er opptatt av relasjonar og samspel både i kunsten sin og i møte med menneske. Det er i møte med andre vi blir til. På same måte kan ein farge berre definerast ut ifrå kva farge han står ved sida av. Dynamikken som oppstår i desse møta er inspirasjon og drivkraft når Skeie Ulltang skaper bileta sine.
Skeie Ulltang budde i Sør-Korea i over 5 år og oppdaga nye materialar som ho nyttar i kunsten sin no. Gjennom kurs i tradisjonell koreansk måleteknikk på rispapir, og kurs i å lage bruksgjenstandar av hanji, vart ho kjent med eit materiale som tiltalte henne spontant. Det koreanske papiret er laga av den inste barken til det koreanske morbærtreet og står i ei særstilling når det gjeld styrke og haldbarheit. Det heiter at silke kan vare i 500 år, mens hanji kan vare i 1000 år. Framleis er det nokre få personar som tar vare på dette handverket, og for Skeie Ulltang er eit ark hanji nærast eit kunstverk i seg sjølv. Det er med stor respekt ho nyttar papiret i sine måleri/collage. Teksturen, fargane, det slitesterke men og sårbare handlaga papiret, har kvalitetar Skeie Ulltang utforskar når ho skaper nye bilete.
Skeie Ulltang har alltid vore glad i sterke fargar, og ho vart kjempebegeistra over fargebruken i Sør-Korea då ho flytta dit. Dette kjem tydeleg fram i kunsten til Skeie Ulltang. Fargar er visuelle impulsar som har sterke subjektive emosjonelle preferansar. Gleda og undringa over fargenyansar, og spenninga i å sette opp ulike fargar mot kvarandre er viktig i kunsten for Skeie Ulltang.