Harding Puls har dei sist åra jobba med storprosjektet Fjord Pianorama. På grunn av panemien vart det utsett eit år. I juni 2022 vert Eidfjord fylt av kunst, musikk, installasjonar og førestillingar for heile familien.
Vi startar med ein minifestival
fredag 24 og laurdag 25. juni. Vi oppmodar alle medlemene å ta turen til Eidfjord dese dagane. Detaljert program kjem.
Ei rekkje av medlemmene i Harding Puls er involverte i prosjektet og skal jobba med ulike kunst, musikk og installasjonsprosjekter som skal synast i bygda både i festivalhelga og gjennom heile sommaren.
Bakgrunnen for prosjektet er inspirert av det intenasjonale konseptet Street Pianos, der utsmykte piano vert plassert ute i det offentlege rom. Fjord Pianorama har gjenbruk og bevisstgjering om bruk og kast som bakteppe. Pianoa som vert nytta i prosjektet skulle uansett kastast, og har vorte gjeve vekk på finn.no eller privat. Opptakten til Fjord Pianorama er at eit gamalt piano som har stått ute i eit heilt år attmed riksveg 7 i Eidfjord sentrum, og dokumentert undervegs. No skal dete pianoet og fleire verte utsmykka og omforma til kunstverk.
Sjå ein omtale av dette prosjektet på NRK, HER.