Simone_Hooymans_web

Simone Hooymans opnar utstilling med animasjonar og teikningar i Kunsthuset Kabuso i Øystese.

Opning laurdag 8. februar og utstillinga står til sundag 4. mai 2025.
Simone Hooymans si utstilling har hovudvekt på animasjonsfilm og teikningar. I verka sine utforskar ho samanhengen mellom natur og menneske og korleis dei ulike røyndene møter kvarandre.
Den kunstnarlege verda hennar inneheld ein stor variasjon av skapningar som rører seg i ei verd av planter, isbrear, fjell, vatn og stjerneklåre himlar.
Det er ei verd der katastrofar er forkledde, pakka inn i teikninga si venleik og fargane sine vibrerande tonar.
Men det er òg ei verd der ras og skjelv opnar for gjenvekst, med nye skapningar som får plass der gamle strukturar har kollapsa og forsvunne.
Musikk spelar elles ei viktig rolle i filmane hennar, laga av mellom andre Terje Isungset og Mari Kvien Brunvoll. 

>>> Nettsida til Hooymans
 
06.02.2025