Etter 20 år som styreleiar i kunstnarorganisasjonen Harding Puls gjev biletkunstnar og styreleiar Solfrid Aksnes stafettpinnen vidare til Inger-Kristine Riber og Ingerid Jordal.
Å leia Harding Puls med 75 kunstnarar og med medlemmer av mange ulike kunstuttrykk er eit stort arbeid. Her finst kunstmålarar, tekstilkunstnarar, fotografar, skodespelarar, komponistar, musikarar, dirigentar, songarar, kvedarar, forfattarar, poetar, skribentar, trearbeidar, keramikarar, filmskaparar, illustratørar, formgjevarar, forteljarar m. m.
Organisasjonen medverkar til trivnad for folk flest og er ei kraft og inspirasjon for kunstnarane både for dei som bur her og for dei som kjem flyttande hit og busett seg i regionen.
Solfrid har gjort eit stort arbeid gjennom desse åra. Med sin inkluderande veremåte og open for nye idéar og uttrykk, har medlemmene saman gjennom desse 20 åra vorte inkludert og fått gjennomført mange idéar og store prosjekt.
Fleire kunstnarkatalogar er trykte, bøker og Cd-ar er også kome til, og med stø hand har Solfrid styrt store utstillingar og internasjonale prosjekt. Under Solfrid si kyndige leiing har Harding Puls utvikla seg til å verta ein slagferdig organisasjon som markerer seg både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Solfrid har skaffa økonomisk stønad for prosjekta og vore ein synleg talsperson for Harding Puls. Ho er no pensjonert, og kan sjå attende på eit svært godt arbeid for organisasjonen. No kan ho endeleg få kvila i sitt eige kunstnaruttrykk som vanleg medlem i Harding Puls. Ei stor takk til Solfrid for alt det gode arbeidet ho har lagt ned gjennom desse 20 åra i kunstens teikn!
På vegne av alle medlemmene i Harding Puls,
Reidun Horvei