Harding Puls-medlem Lars Korff Lofthus er ein av kunstnarane som er vald ut til opningsutstillinga når Nasjonalmuseet opnar på nytt i 2021.
Kring 150 kunstnarar og kunstnargrupper deltek i utstillinga, som museet sjølv kallar"tidenes mønstring" av samtidskunst.
Museet skriv:
«Jeg kaller det kunst» viser verk av et stort antall kunstnere og kunstnergrupper som har én ting felles – deres kunst er ikke en del av Nasjonalmuseets kunstsamling fra før av. Utstillingen blir en kontrast til museets samlingsutstilling og utfordrer museets rammer.
Verket Lars Korff Lofthus skal bidra med er ein versjon av "Herrebunad, redigert", som han laga til Hardanger musikkfest i 2017. Til Hardanger Folkeblad seier kunstnaren at han er glad for å verta vald ut, sjølv om han gjerne ville bidrege med nyare arbeider.
Les meir om ustillinga HER.
Sjå lars Korff lofthus si nettside HER.