Audun%20Storaas%20utsta%CC%88llning%20Norheimsund%20update%2027mars22%5B38293%5D

Minneutstilling etter Audun Storaas

Salsutstillinga går til Mercy Ships Norge og Ukraina.
Audun Storaas døydde i fjor den 15.03.21 nærare 99 år gamal. Han var den eldste medlem i Harding Puls.

Randi Storaas, brordotter til Audun, skriv:
"Hans næraste familie ynskjer å laga ei minneutstilling og samtidig oppfylla hans siste ynske om at bileta hans kan bli selde til inntekt for Mercy Ships Norge. Dei håpar minneutstillinga kan visa bredda i Auduns virke som kunstnar. Det blir mest grafikk, men også nokre skulpturar. Ein av grunnane til å halda utstillinga i Norheimsund kyrkje er at hans viktigaste verk, altertavla, har sin faste plass der. Mercy Ships Norge driv 3 sjukehusskip som reiser til fattige kyst-land med tilbod om undersøking og behandling inkludert kirurgi. Hadde Audun levd i dag ville han nok utvilsomt gjerne også ha samla inn pengar til hjelp for flyktningane frå Ukraina. Han hadde eit stort engasjement for flyktningar, mellom anna i 2015.
 
Opning blir onsdag 13.04.22, kl. 17.00 i Norheimsund kyrkje. Me møtest i kyrkjerommet der Reidar Storaas skal sei litt om Audun, og familien gir litt informasjon om kva salsutstillinga skal gå til. Det heile vert ramma inn av musikalske innslag ved Margrete Kjosås og Torgeir Storaas, som er son til Audun. Minne- og salgsutstillinga vil vera i kyrkjelydsalen der det vil vera litt fingermat og drikke på opningsdagen. Utstillingane vil vidare vera opne påskeafta laurdag 16.04.22, kl. 12.00-16.00, og etter 1. påskedagsgudstensta dagen etter, samt i kyrkja si  opningstid veka etter påske."

Inntekta frå sal av kunstverk går til Mercy Ships Norge og til humanitær hjelp for Ukraina.

Biletet syner eit utsnitt av biletet "Musika".
 
11.04.2022